Fottur til Tindefjellet via Ytre Svidalsstøylen

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 12,7 km
  • 7 t, 30 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 767 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - okt

Tindefjellet er ein markert fjelltopp på Vassenden. Toppen kan nåast med startpunkt både på Storetræet, Svidalen og Vassenden. Rutene opp er mange og har ulike vanskegrader, og du kan sjølv forme dine eigne vegval undervegs. Uavhengig av kva sti du vel, vil du få vid og stor utsikt over vestlegaste del av Jølstravatnet. Det er to stiar opp som er graderte som blå ruter, og tre som er graderte som raude ruter. Turen opp frå Svidalen via Ytre Svidalsstøylen er gradert som blå rute.

Stien starar på nordsida av Svidalselva, og følgjer denne nordvestleg oppover i open og fin bjørkeskog. Når du har tatt det meste av høgdene, og terrenget flatar ut inn mot dalføret, følgjer du stien over brua til sørsida av elva. Gå vidare i vestleg retning inn dalføret til Ytre Svidalsstøylen. Etter passeringa av brua vil du etter kvart sjå Indre Svidalsstøylen ligge på andre sida av elva. Frå Indre Svidalsstøylen går du i jamn stigning i sørvestleg retning. I skaret mellom Ørsetfjellet og Tindefjellet flatar terrenget ut, og du går i lett kupert fjellterreng eit stykke før du tek siste stigninga opp mot ryggen og Kvannebottsegga (880 moh.). Her møter du stien frå Vassenden og Storetrevarden. Følg ryggen i austleg retning opp mot toppunktet.

Sidan turen opp til Tindefjellet via Gygra (raud gradering) startar på same stad som denne ruta, er det enkelt å lage ein rundtur ved å kombinere desse stiane.

Turen er godt skilta og merka av Fjelltrimmen i Jølster IL.

Tips:
Stien langs elva har nokre våte, myrlendte parti. Du kan velje å følgje traktorvegen til endes ved Simastøylane, og gå vidare på sti herifrå. Om du ikkje kryssar brua, kan du gå på sti nord for elva via Indre Svidalsstøylen og vidare til Ytre Svidalsstøylen.

Om du vil ha ein kortare tur er det fint å lage ei runde ved å gå opp stien langs elva, og ta runden innom begge støylane i dalføret, før du går ned att via skogsvegen. Støylsrunda tek omlag 2-2,5 timar.

Etter å ta tatt høgdene bak Ytre Svidalsstøylen kan du velje å gå på sti opp til Ørsetfjellet (801 moh.).

På stien opp via støylane er det ein del beitedyr.

Fakta:
Svidalen–Indre Svidalsstøylen–Tindefjellet: 6,3 km, stigning 800 høgdemeter. Tid: 3,5-4 timar opp.

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindane etter deg

Turen er lagt ut i samarbeid med Fjelltrimgruppa i Jølster IL.

Adkomst med egen bil

Ta av Jølstravegen (E39) på ein av avkøyringane til Svidalen. Parker på toppturparkering i Svidalen.

Toppturparkeringane i Sunnfjord kommune betalast med Vipps. Du kan velje å betale engangssum for kvar parkering, eller for heile året med bruk av registreringsnummer på bilen. Sjå meir informasjon i lenke.

Adkomst med kollektivtransport

Ta buss og gå av på ein av haldeplassane ved Svidalen langs Jølstravegen (E39). Gå opp Svidalsvegen til du kjem til den vestlegaste toppturparkeringa. Her startar turen.

Annonse