Fottur til Tindefjellet frå Vassenden via Årsetbakkane

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 8,5 km
  • 7 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 867 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - okt

Tindefjellet er ein markert fjelltopp på Vassenden. Toppen kan nåast med startpunkt både på Storetræet, Svidalen og Vassenden. Rutene opp er mange og har ulike vanskegrader, og du kan sjølv forme dine eigne vegval undervegs. Uavhengig av kva sti du vel, vil du få vid og stor utsikt over vestlegaste del av Jølstravatnet. Det er to stiar opp som er graderte som blå ruter, og tre som er graderte som raude ruter. Turen opp frå Vassenden via Årsetbakkane er gradert som blå rute.

Turen startar ved den gamle sveitsarvillaen ved brygga på Vassenden. I starten følgjer du vegen opp byggefeltet Årsetbakkane. I svingen der vegen kryssar elva, tek du av på stien rett før brua. Her går du på innmark langs elva. Gå igjennom grinda som fører deg inn på sti i utmark opp til kryssing av Årsetelva. Vidare går du på god sti i noko bratt beiteterreng opp til Skaret. I siste parti opp mot Skaret er det noko svaberg. I Skaret kan du gå i vestleg retning til Gravsfjellet (851 moh.), eller halde fram i nordleg retning til Årsetstøylen (725 moh.). Stien til Tindefjellet går i nordleg retning opp mot ryggen til Kvannebottsegga (880 moh.), der du møter stien frå Svidalen. Følg ryggen i austleg retning opp mot toppunktet.

Turen er godt skilta og merka av Fjelltrimmen i Jølster IL.

Tips:
Fjellturen kan avsluttast på parkeringsplassen med eit bad i Jølstravatnet! Turen startar på badebrygga på Vassenden der det er laga til fin tilrettelagt badeplass for alle aldersgrupper. Her er det både stupebrett, sitjeplassar og grasbakkar å kose seg på. Kort veg til butikk frå brygga.

Under snøsmeltinga om våren kan det somme dagar vere utfordrande å krysse Årsetelva.

Frå Skaret er det fint å ta turen ned til Årsetstøylen, eller opp til Gravsfjellet. Dette er relativt korte avstikkarar frå Skaret. Sjå lenker for informasjon om dei andre fire stiane opp til Tindefjellet. Her kan du komponere og lage dine eigne ruteval opp og ned.

Fakta:
Vassenden–Skaret–Gravsfjellet: 2,5 km, stigning 670 høgdemeter. Tid: 2,5 timar opp.
Vassenden–Skaret–Tindefjellet: 4,5 km, stigning 900 høgdemeter. Tid: 3,5-4 timar opp.

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindane etter deg

Turen er lagt ut i samarbeid med Fjelltrimgruppa i Jølster IL.

Adkomst med egen bil

Turen startar på brygga på Vassenden ved Jølstravegen (E39). Parkering på kommunal parkeringsplass ved badebrygga på Vassenden.

Adkomst med kollektivtransport

Gå av bussen på haldeplassen på Vassenden (Jølstravegen /E39). Frå bussholdeplassen går du omlag 150-200 meter til turstart på badebrygga ved Jølstravatnet .

Annonse