Tindefjellet er ein markert fjelltopp på Vassenden. Toppen kan nåast med startpunkt både på Storetræet, Svidalen og Vassenden. Rutene opp er mange og har ulike vanskegrader, og du kan sjølv forme dine eigne vegval undervegs. Uavhengig av kva sti du vel, vil du få vid og stor utsikt over vestlegaste del av Jølstravatnet. Det er to stiar opp som er graderte som blå ruter, og tre som er graderte som raude ruter. Turen opp frå Svidalen via Gygra er gradert som raud rute.
Stien startar på sørsida av Svidalselva og går i vestleg retning langs elva og opp gjennom granfeltet. Etter kvart kjem du opp i ope, myrlendt beiteterreng, der stien dreiar mot ryggen i sørvestleg retning. Etterkvart som du nærmar deg ryggen og Gygra, vert terrenget tørrare og meir lettgått. Frå utsiktspunktet Gygra held stien fram i vestleg retning opp mot toppen. Undervegs er det nokre bratte parti med berg og svaberg. For nokre kan enkelte punkt opplevast som noko luftige. Denne ruta høver seg best i godt vær for fjellvande turgåarar.
Sidan turen opp til Tindefjellet via Ytre Svidalsstøylen (blå gradering) startar på same stad som denne ruta, er det enkelt å lage ein rundtur ved å kombinere desse stiane.
Turen er godt skilta og merka av Fjelltrimmen i Jølster IL.
Tips:
Det er bok i ei postkasse i Gygra. Dette er før dei brattaste partia, som for nokon kan opplevast som litt luftige, på stien opp mot Tindefjellet. Utsikta frå Gygra innover Jølstravatnet og til Vassenden er eit flott turmål i seg sjølv. Frå parkeringa er det omla 450 høgdemeter opp (omlag 2-2,5 timar t/r).
Fakta:
Svidalen–Gygra–Tindefjellet: 3,9 km, stigning 800 høgdemeter. Tid: 3 timar opp.
Hugs:
Turen er lagt ut i samarbeid med Fjelltrimgruppa i Jølster IL.
Ta av Jølstravegen (E39) på ein av avkøyringane til Svidalen. Parker på toppturparkering i Svidalen.
Toppturparkeringane i Sunnfjord kommune betalast med Vipps. Du kan velje å betale engangssum for kvar parkering, eller for heile året med bruk av registreringsnummer på bilen. Sjå meir informasjon i lenke.
Ta buss og gå av på ein av haldeplassane ved Svidalen langs Jølstravegen (E39). Gå opp Svidalsvegen til du kjem til den vestlegaste toppturparkeringa. Her startar turen.