Flugestøylen er ein fin og kort støylstur, på svært god sti i relativt lett kupert terreng. Turen passar godt som familietur for dei med små ungar. Vaksne brukar kring 20-30 minuttar ein veg, og det er ein koseleg støylsplass å raste på. På varme sommardagar er det også fint å bade i elva som renn nedanfor støylen. Turen til Flugestøylen passar òg godt som joggeterreng, og er og mykje brukt av turlystne som vil ut på regntunge dagar. På våren er dette ein stad der sola kjem tidleg.
Om du ønskjer å forlenge turen kan du velje å gå over til Angedalen i Førde. Du kan også gå på sti mot vest frå støylen, og gå runda vidare mot Hjelmbrekkestøylen. Her går du i lia under fjellrekka som strekk seg ut mot Tynningen før du rundar ned mot Hjelbrekkestøylen, og kjem ned på gardane på nedre Hjellbrekke. Det er relativt tydeleg og fin sti til Hjellbrekkestøylen.
AC Kapstad for IST
E39 ved Jølstraholmen. Køyr mot øvste gardane over Hjellbrekkefeltet. Du må køyre på skogsveg opp til Flugedalen siste stykket. Bonden som eig skogsvegen plar setje opp tydeleg merking av kvar du kan parkere mot betaling (Vipps). Pass på å parkere der bonden har merka av for dette, og set frå deg bilen slik at du ikkje er til hinder for gard- og skogsdrift. Dette er eit mykje brukt turmål, og det kan bli mange parkerte bilar. Pass derfor på å parker slik at det vert plass til andre som og vil ut på tur.